CBIS 6157441

Social share

Halnekongen

Kombiner fjellturen med båttur

Båten Halnekongen tilbyr skyss frå Halne Fjellstugu (lokalisert ved rv7) 13 km inn på Hardangervidda fjellplatå. Her får du eit fantastisk utgongspunkt for turar inn i nasjonalparken. Dei nærast liggande DNT-hyttene er Heinseter og Rauhelleren, og mange tar ei overnatting på desse før dei fortset innover vidda eller returnerer til Halne. De er og fleire mulighetar for dagsturar. Turane kan du legge opp sjølv og kan tilpassast alle. Hardangervidda har tørt og lettgått terreng.

Båtrute: Halnekongen har to kaiar inne på vidda: Sleipa og Skaupa. Ein enkel dagstur er å gå frå den eine kaien til den andre. Då har de god tid til å sjå dykk om ta lunsj.

Halne Sleipa Skaupa
08.45 09.30 09.35
13.00 13.40 13.45

Skaupa Sleipa Halne
12.00 12.05 12.40
15.30 15.35 16.10

Overfarten tar rundt 40 minutter og der er plass til 37 passasjerer.

From 115 NOK

Location & contact

  • Opening hours:
  • Fra 28. juni til 1. september.