Hol Haustmarknad

Laurdag 11. september 2021 – er det klart for den 7. haustmarknaden i Hol!
Marknaden er større enn nokon gong med over 40 utstillarar. Som du kan sjå på vedlagte plakat så er det stort spenne på utstillarane og me er svært stolte over å kunne slå fast at alt er produsert, foredla i Hol kommune!

Her får du fyrsteklasses varer av mange ulike slag, ikkje minst diverse matverer. Produkta frå Ostebygda Hol har denne veka markert seg sterkt i Oste NM med å ta 17 medaljer! På årets marknad kan du også møte ein ung kar som har med seg smia si og står og smir på marknaden! For dei som hugsar leiken å kaste på stikka, så skal du merke deg at her blir arrangert uoffisielt NM i stikkekasting!!


Me sjåast på marknaden!

When can I book it?

11 sep 2021
Hol Haustmarknad 11 September 2021 - 11:00